Villmarksterapi ble løsningen for ung jente som slet med skolevegring og selvmordstanker.

Skrevet Av mor til deltager i villmarksterapi-programmet.

 
 
 

Dagane var mørke og ingen løsning i sikte.

Sprudlande, begeistra, livskraftig og levande – dette var stikkord som beskreiv jenta før ho etterkvart sklei inn i det store skoddehavet av tunge tankar, sjølvskading, sjølvmordstankar og eit svart mørke.

Skulen vart vanskelegare og vanskelegare å takle for henne, der ho følte utestenging, mobbing og ei kjensle av å ikkje meistre. Mange forsøk på å få hjelp gjennom rådgivarar, helsesjukepleiar på skulen, PPT og BUP med stadig skiftande personar og kvalitet gjorde at både jenta og familien var djupt fortvila og utslitt.

Jenta låg på rommet på Instagram og Netflix og fann ein klangbotn hos andre fortvilte skjebner som ikkje var til hjelp for nokon. Der var ingen som hadde ein plan og som såg ut til å nå inn. Eit familiemedlem kom over informasjon om Villmarksterapi og Norsk mestring. Mor tok kontakt, jenta las historier om andre som hadde vore der og ville prøve. Etter ein samtale via skype med Espen var det klart at her var det håp. Vi såg det i ansiktet hennar – no var det tent ein gnist!

Turen som ble et vendepunkt

Røros i gnistrande sol og klart haustver - Espen og Charlotte tok i mot jenta. Foreldre kunne sleppe taket og begynne å puste igjen. Det vart vekslande ver og vekslande humør, mange tøffe tak i møte med naturkreftene og med villmarksterapien. Bål som brann og mange kjensler som ho måtte få kontakt med. Kven er eg og kva vil eg?
Alle som fekk bilde på heimturen av jenta kommenterte at det var nytt liv i ansiktet hennar. Her hadde det skjedd noko.

Skule og kvardag – no gjekk det rett veg. Ikkje alle dagar like kjekt, og ikkje alt var like greitt å ta igjen. Men her var det ny driv og ny tryggheit – jenta hadde sett ned nokre gjerdestolpar i seg sjølv – dette skal eg klare! . Ho har fått verktøy som ho kan bruke resten av livet.

Oppfølging via telefon med Espen gav tryggheit, stadfesting og tips – vi er ikkje aleine og dette går bra.

Dersom du er foreldre som kan kjenne deg igjen i vår historie vil eg sterkt oppfordre til å ta kontakt med Norsk Meistring for ein samtale. Det kan virke for utfordrande for ditt barn, det kan synest kostbart – men det er verdt kvar ei krone!

far i samme familie om programmet:

En tur som kan forandre liv, der ungdom som har problem får nye verktøy til å klare seg i en vanskelig tid. Villmarksterapi utfordrer ungdommen til å måtte ta egne grep for å få det bedre selv.

 
Villmarksterapi i Femundsmarka. Foto: espenholmgren
Dersom du er foreldre som kan kjenne deg igjen i vår historie vil eg sterkt oppfordre til å ta kontakt med Norsk Meistring for ein samtale. Det kan virke for utfordrande for ditt barn, det kan synest kostbart – men det er verdt kvar ei krone!